TRASEEN

Ultrafjelløp – 75 km
Ultraløpet på 75 km går innom 20 fjellpostar og er på ca 5600 høgdemeter. Starten går frå Honndalshallen kl 07:00, og følgjer postane i kronologisk rekkefølgje (post 1 Ytrehornsnakken). Trasekartet nedanfor viser moh. på postene, samt avstand til neste post/kontrollpost. Det er også ein enkeltbeskriving på stien/terrenget fram til neste post/kontrollpost. Dette er timar i naturen du seint vil gløyme!
75km GPX

Cut-off
Det er Cut-off tider på 75 km løpet. Tider blir publisert før løpsstart, men veret kan spele ei rolle for Cut-Off tidene. Ved dårleg ver vil arrangøren kunne stramme inn tidene for å ivareta sikkerheita til både deltakarar og personell. Første Cut-off er på Horndøla Bru (halvvegs) og andre Cut-off på Holskarsætra – post 13. 

PS: Som deltakar i 75 km løpet er det krav til utstyr i sekken. Hovudlykt, kle, mobil, mm. er obligatorisk for å delta.

Fjelløp – 38 km
Fjelløpet vert på same lest som dei føregåande åra, med start på Horndøla Bru kl 11:00, målgang i Honndalshallen. 38 km vert arrangert ved å følgje sørsida av dalen. Muldsvorhornet bli post nr. 1 for alle 38 km deltakarane. Målgang vert ved Honndalshallen.

Fjellmaraton – 42 km
Fjellmaratonløpet vart arrangert i 2023. Løpet vert ikkje arrangert i år.

Trasekart

kart2023

Last ned pdf

Høgdeprofil

Tidsestimat mellom soner